Tinn kommune

Ledig 100 % fast stilling

Rådgjevar klima, miljøvern og landbruk

Enhet for plan, landbruk og miljøvern høyrer til tenesteområde samfunn og har ansvar for kommunens oppgåver innan plan- og bygningsloven, matrikkellova, miljøvern- og landbrukslovgjevinga m.m. Vi har dermed ei sentral rolle i arbeidet med fysisk planlegging, nærings- og samfunnsutvikling i Tinn kommune og er for tida 12 tilsette fordelt på planavdelinga på Rjukan og landbruksavdelinga i Atrå.

Som følgje av pensjonsavgang har vi ved landbruksavdelinga ledig 100 % fast stilling som rådgjevar med hovudarbeidsfelt innan klimaarbeid, miljøvern- og landbruksforvaltning.  Her vil du jobbe med spennande oppgåver både sjølvstendig og på lag med dyktige og erfarne kollegaer i eit godt arbeids- og fagmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna klimaarbeid med ansvar for ny klima- og energiplan for Tinn kommune
  • Landbruksplan for Tinn kommune
  • Saksbehandling etter lover og forskrifter knytt til klima, naturmangfald, motorferdsel i utmark, forureining, landbruk, eigedom m.m.
  • Forvaltning av statlege og kommunale økonomiske virkemiddel
  • Rettleiing overfor kommunens innbyggarar og næringsutøvarar
  • Arbeid med kommuneplanar og regionale planar
  • Prosjektretta nærings- og miljøarbeid 
  • Anna samfunns- og bygdeutvikling
  • Administrative oppgåver

Andre arbeidsoppgåver er også aktuelle med utgangspunkt i dine kvalifikasjonar og dei behov som tenesteområde samfunn til ei kvar tid har.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning på masternivå innan landbruk og/eller naturforvaltning 
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk
  • Førarkort klasse B. Eigen bil må kunne disponerast i tenesta

I tillegg vil vi legge vekt på om du har

  • Erfaring med arbeid innan landbruk og natur- og miljøforvaltning
  • Formell kompetanse på høgare nivå innan landbruk og naturforvaltning
  • Evne til og erfaring med å jobbe nærings- og miljøretta i eit heilskapsperspektiv
  • Erfaring frå offentleg saksbehandling
  • Erfaring i praktisk bruk av geografiske informasjonssystem, digitale saksbehandlingssystem og anna bruk av digital informasjon
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Vi vil legge særleg vekt på at du er personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr deg

  • Løn etter avtale
  • Gunstig pensjonsordning gjennom medlemskap i KLP
  • Varierte  og spennande arbeidsoppgåver
  • Hyggelege og hjelpsome kolleger
  • Gode utviklingsmuligheter i eit tverrfagleg arbeidsmiljø med stor takhøgde

Del på:

Referansenr:

2021/2533

Fylke:

  • Vestfold og Telemark

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

07.02.2022

Tiltredelse:

Etter avtale

Arbeidssted:

Landbrukskontoret i Atrå

Kontaktpersoner:

Dagfinn Jaren

tlf: +47 95214603

Adresse:

0000